|
Endring av bruksfradraget? |
||
Les korrespondansen her Spørsmål fra Ranveig Frøiland (AP) : ”Eg vil be Finansministeren gje skriftlig svar på følgjande spørsmål: Import av brukte biler til Norge har hatt ein veldig vekst dei siste åra. Det kan vera ulike grunnar for dette, men ei årsak som bilbransjen sjølv hevdar er at bruktimporterte personbilar er friteken for omregistreringsavgift, og eingangsavgifta på bruktimporterte personbilar er lågare enn på nye. Kostnadane ved å kjøpa ny bil i Norge er høge. Faren kan bli at det blir kjøpt ferre nye biler, og mykje høgare bruktbilimport frå andre land. Vil finansministeren gjera noko med desse tilhøva? Grunngjeving: Bruksfrådraget som ein i dag har er fastsett i 1995 på grunnlag av data for biler som var solgt i perioden 1985 – 1993. Bør ikkje bruksfrådraga justerast dersom det er vesentlege endringar i marknadsføresetnadane når ein legg om avgiftsstrukturen for nye bilar? Ved kjøp av brukt bil i Norge må ein betala omregistreringsavgift. Når dette ikkje gjeld importerte bilar vil det bli ein konkurransefordel ved brukt import. Ved at ein gjev bruksfrådrag på 12% allereie etter 6 månader basert på registreringstidspunkt så inviterer ein til å unndra avgifter ved at ein dag gamal bil kan importerast og lagrast i 6 månader. Det ville vel vore rimeleg at bruksfrådraget ikkje vart gjeven før bilen verkelig hadde vore i bruk ei stund.”
Svar fra finansminister Per-Kristian Foss: Eingongsavgifta skal betalast ved første gongs registrering i det sentrale motorvognregisteret. Avgifta vert pålagt alle bilar unntatt lastebilar og større bussar. Ved registrering av bilar som vert import brukt frå utlandet vert det gitt eit frådrag i avgifta basert på bilen sin alder. Dette bruksfrådraget skal gjenspegle det reelle verdifallet. Dagens bruksfrådrag vart fastsett i 1995, og fekk då ei utforming som var i samsvar med EØS-avtalen sine krav om likebehandling. Satsane vart vurderte på nytt i samband med budsjettet for 1997, men vart då ikkje endra. Som det vert påpeikt i spørsmålet, har bruktbilimporten auka dei siste åra. I følgje tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV) utgjorde bruktimporterte personbilar i 2001 om lag 23 pst. av dei førstegongsregistrerte personbilane. På byrjinga av 90-talet låg talet på under 10 pst. Dette skuldast i stor grad dei restriktive bruksfrådraga i tida før 1995, men det har òg vore ein jamn auke i åra etter 1995. Auka bruktbilimport er i seg sjølv ikkje noko problem. Konkurranse frå bruktbilimport kan blant anna vere med på å presse marginane i den etablerte bilbransjen, noko som vil vere ein fordel for forbrukarane. Dersom auka bruktbilimport derimot skuldast ulike konkurransetilhøve, vil det vere eit problem. Den etablerte bilbransjen har i samband med dette blant anna peika på at importerte bruktbilar ikkje må betale omregistreringsavgift. På bakgrunn av dette vurderar Finansdepartementet no på nytt satsane i bruksfrådraget. Prisdata for åra 1992 – 2000 er henta inn, og nye berekningar er gjort. Utgangspunktet er at bruksfrådraga best mogleg skal gjenspegle det reelle verdifallet. Det vert òg vurdert å ta omsyn til omregistreringsavgifta i desse berekningane. Dersom det blir aktuelt å endra bruksfrådraget vil Finansdepartementet føreleggje endringane for EFTAs organ for overvåking – ESA – for å sikre at òg den nye utforminga blir i samsvar med EØS-avtalen. Det kan blant anna være tvil om ei ordning der ein ikkje gjer bruksfrådrag for nyare bruktbilar vil samsvare med EØS-avtalens krav om likebehandling. Eg vil komme tilbake med ei vurdering av saka til hausten. I så fall vil dette krevje ei endring av forskrifta om eingongsavgift. Det vil òg være naturleg å sende eit mogeleg forslag på ein kort høyring til dei organisasjonane det gjeld. Med helsing Per-Kristian Foss (Kilde: Finansdepartementet hjemmeside) |
Stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet
i Hordaland Ranveig Frøiland har nylig fattet interesse for biler, og
da spesiellt bruktimporterte biler. Hun har skrevet et brev til
Finansminister Per-Kristian Foss der hun ber om en gjennomgang av
avgiftene.
Mon tro hvor denne plutselige interessen kommer fra? Kan det hende at hun vurderer å kjøpe en spesiell BMW eller Mercedes, og gjerne vil betale litt ekstra for å få kjøpt den i Norge? Eller er dette en sympatierklæring ovenfor Bertel O. Steen eller Møller? Disse har vel fått noe trangere kår etter at bruktimporten har tatt seg opp de siste årene. Men Bertel O. Steen og Møller har vel til salt i grøten ettersom deleprisene i Norge ligger 55 % over prisene i Tyskland.
Ranveig Frøiland (AP Hordaland) Stortingsrepresentant Ranveig Frøiland (AP) serverte halvert elavgift som valgflesk før stortingsvalget 2001. Andre saker som stortingsrepresentant Ranveig Frøiland (AP) fra Hordaland gløder for er: Forkortelse av Ringeriksbanen til 4 milliarder kroner som reduserer togreisetiden mellom Oslo og Bergen med en time og 40 minutter Kjemper mot at fergeforbindelsen mellom Klokkarvik og Hjellestad blir lagt ned CV og kontaktinfo stortingsrepresentant Ranveig Frøiland (AP- Hordaland)
Lunsj på Løvebakken
Jan Lervik 12.
juli 2002 All information on this Web is for training only. We do not warrant its correctness or its fitness to be used. The risk of using it remains entirely with the user. Please read our disclaimer
|
|